Dette læreverket dekkjer den nye læreplanen for Vg1 helse- og oppvekstfag etter fagfornyinga. Serien omfattar tre lærebøker som følgjer programfaga: Yrkesliv Kommunikasjon Helse Ein tverrfagleg nettressurs til læraren og eleven finn du på fagbokforlaget.no. I Puls Helse møter elevane eit ryddig og oversiktleg verk som er enkelt å bruke. Eit illustrert persongalleri følgjer dei gjennom boka og gjer det faglege lett å kjenne att, relevant og praksisnært. Dette gjennomillustrerte verket viser korleis mennesket er bygd opp og fungerer gjennom heile livet. Elevane lærer om organsystema og viktige prosessar i kroppen, og dei får solid kunnskap om kva som fremjar psykisk og fysisk helse. Kompetanse i førstehjelp, smitte og hygiene står sentralt i boka. Læreboka har ordforklaringar, samandrag og eit breitt utval av oppgåver som stimulerer til aktivitet, drøfting i fellesskap og djupnelæring.
Puls helse
909,00 kr 636,30 kr
📍 -- personer har nylig sett dette produktet
🚚 Estimert levering: nov 17 - nov 22
📦 Fraktpolicy: Gratis frakt ved kjøp over 290 kr
🛡️ 30 dagers retur: Gratis retur, ingen returgebyr
✉️ Kundeservice: Døgnåpen support 24/7
🔒 Sikker utsjekk






Omtaler
Det er ingen omtaler ennå.