J.R.R. Tolkien sin klassikar Hobbiten frå 1937 foreligg nå endeleg på nynorsk! .I eit hol i marka budde det ein hobbit. Ikkje eit ufjelgt, skitvore og vått hol, fylt med makk og sure eimar, og heller ikkje eit turt, berrt sandhol utan noko å sitje på eller ete; det var ei hobbit-hole, og det tyder trivsel..Hobbiten Bilbo Skrepping lever stillsamt og roleg i hola si. Men ein dag dukkar trollmannen Gandalv opp, i lag med tretten dvergar. Dei vil ha han med seg på ei lang . og farleg . ferd, for å røve skatten som vert vakta av den skrekkelege draken Smaug. Nærast mot si vilje vert Bilbo med på jakta, og til sist syner han seg å vera både rådsnøgg og ha evner som innbrotsjuv.Eilev Groven Myhren fekk Nynorsk litteraturpris 2007 for si omsetjing av Ringdrotten (Lord of the Rings). Han har hovudfag i musikkvitskap ved Universitetet i Oslo, og har elles studert norsk, folkeminne og norrønt.
Hobbiten, eller Ditut og attende
349,00 kr 244,30 kr
📍 -- personer har nylig sett dette produktet
🚚 Estimert levering: nov 17 - nov 22
📦 Fraktpolicy: Gratis frakt ved kjøp over 290 kr
🛡️ 30 dagers retur: Gratis retur, ingen returgebyr
✉️ Kundeservice: Døgnåpen support 24/7
🔒 Sikker utsjekk






Omtaler
Det er ingen omtaler ennå.