Tilbud!

Fleire spennande stikkvegar frå E134 Haukelivegen. Enda meir mat, natur og kultur mellom øst og vest

Opprinnelig pris var: 479,00 kr.Nåværende pris er: 335,30 kr.

Produktnummer: 49742810349863 Kategori:

📍 -- personer har nylig sett dette produktet

🚚 Estimert levering: nov 21 - nov 26

📦 Fraktpolicy: Gratis frakt ved kjøp over 290 kr

🛡️ 30 dagers retur: Gratis retur, ingen returgebyr

✉️ Kundeservice: Døgnåpen support 24/7

🔒 Sikker utsjekk

Sikker utsjekk

Fleire spennande stikkvegar: No går turen til Hardanger, blant anna til flinke siderbønder langs Sørfjorden – med klyngetun, fossefall og høge fjell i kulissene. Du får også vere med inn på eit av Norges eldste hotell. På andre sida av Folgefonna besøker vi vakre Baroniet Rosendal og slottets fantastiske landskapspark. Deler av turen er i fotspora til Nils Hertzberg, «Haukelivegens far».
I boka ser du også nye og gamle bilde frå strekninga Kongsberg–Rjukan–Haukeli. Både i Kongsberg, og mellom bratte fjellsider i Telemark, er det spennande industri- og kulturhistorie. Til slutt blir vi med brøytemannskapa på Haukelifjell.
 
Du kan også lese epilogen «Fra ridevei til kjørevei», signert Knut Baar og Geir Paulsrud. Begge har solid erfaring frå Norsk vegmuseum.
 
I tillegg til mange store og nye bilde, er boka krydra med gamle foto av Knud Knudsen, Axel Lindahl og Anders Beer Wilse. Desse var blant dei mest kjente landskapsfotografane i Norge.
 
Dette er Geir K. Hus si siste bok i trilogien om E134 Haukelivegen og stikkvegane mellom øst og vest. Tidlegare bøker: «E134 Haukelivegen» (2017) og «Spennande stikkvegar frå E134 Haukelivegen» (2022). Hus har bakgrunn som pressefotograf, journalist og redaktør. Til dagleg arbeider han i Landslaget for lokalaviser (LLA).
 
Vegstrekningane i boka:
Låtefoss-Odda-Kinsarvik-Utne-Rosendal: Rv. 13 og fylkesvegane 550, 551 og 500
Kongsberg-Rjukan-Rauland-Haukeli: Fylkesvegane 40, 37 og 362.

Omtaler

Det er ingen omtaler ennå.

Bli den første til å omtale «Fleire spennande stikkvegar frå E134 Haukelivegen. Enda meir mat, natur og kultur mellom øst og vest»

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Handlekurv
Skroll til toppen