Boka gir eit oversyn over USAs politiske historie frå sjølvstendeerklæringa i 1776 og fram til presidentperioden til Joe Biden. Sentrale tema i framstillinga fram til 1900 er utviklinga av folkestyre og politiske institusjonar, borgarkrigen, vestleg ekspansjon og politiske utfordringar skapt av industrialisering og innvandring. På 1900-talet handlar det om framveksten av ei sterk føderal makt, spesielt presidentmakta, USAs leiande rolle i internasjonal politikk og demokratiutviklinga. Ei sentral problemstilling er korleis USA vart den mektigaste stormakta på 1900-talet, og kva for følger det har hatt for amerikansk politikk. Boka avsluttar med eit innblikk i amerikansk politikk etter den kalde krigen, som i aukande grad har vore prega av indre politisk polarisering og utanrikspolitisk motbør. UTSYN>INNSIKT er Samlagets serie med korte innføringsbøker i historiske emne. Bøkene tar for seg eit vidt spekter av forskingsfelt, frå sentrale tema i Noregs- og verdshistoria til kulturhistoriske og fagteoretiske problemstillingar.
USAs politiske historie
Opprinnelig pris var: 319,00 kr.223,30 krNåværende pris er: 223,30 kr.
📍 -- personer har nylig sett dette produktet
🚚 Estimert levering: nov 17 - nov 22
📦 Fraktpolicy: Gratis frakt ved kjøp over 290 kr
🛡️ 30 dagers retur: Gratis retur, ingen returgebyr
✉️ Kundeservice: Døgnåpen support 24/7
🔒 Sikker utsjekk






Omtaler
Det er ingen omtaler ennå.