Tilbud!

Lunden, Eldrid

Opprinnelig pris var: 100,00 kr.Nåværende pris er: 70,00 kr.

Produktnummer: 43632207003893 Kategori:

📍 -- personer har nylig sett dette produktet

🚚 Estimert levering: nov 17 - nov 22

📦 Fraktpolicy: Gratis frakt ved kjøp over 290 kr

🛡️ 30 dagers retur: Gratis retur, ingen returgebyr

✉️ Kundeservice: Døgnåpen support 24/7

🔒 Sikker utsjekk

Sikker utsjekk

Tilstand: Veldig bra, liten brett på omslaget. Se bilde

Format: Innbundet

Brukte bøker av Eldrid Lunden

Den kresne språkkunstnaren Eldrid Lunden utgjer ein institusjon innan norsk poesi. Lyrikken hennar har stått i ei særstilling i Norden heilt sidan debuten i 1968 med samlinga f. eks. juli. Eldrid Lundens lyrikk framstår som ein vedvarande refleksjon over grunnleggande mellommenneskelege tilhøve, der lesaren vert invitert inn i dei opne samanhengane dikta synleggjer i eit konsentrert og personleg nærverande språk.
I tillegg til verksemda si som poet har Eldrid Lunden gjort ein vesentleg innsats på fleire andre felt: Ho var knytt til tids- skriftet Profil på 1960-talet, og var i mange år medredaktør av det nordiske tidsskriftet Café Existens. Særleg må innsatsen hennar som lærar, i den seinare tid også som professor, i skrivekunst ved Forfattarstudiet i Bø nemnast – eit studium ho var med å starte i 1982, og som har resultert i ei lang rekke forfattarnamn og bøker som vi vil nyte godt av i lang tid framover.
På litt over tretti år har Eldrid Lunden sjølv vunne å gi ut ni diktsamlingar, bøker som har blitt ståande som milepælar både for kritikarar og lesarar, og det konsentrerte uttrykket hennar har inspirert ei rekke poetar. Særleg verd å nemne er Lundens fokus på kvinners erfaringar, såvel i individuelt som i historisk perspektiv. A kalla Lunden for ein reindyrka feministisk forfattar ville likevel innebere ei innsnevring av perspektivet – heller må ein kunne seie at Lunden ikkje berre utforskar, men utfordrar og set spørsmålsteikn ved omgreps- par som mannleg-kvinneleg, eller hard, mjuk. Men framfor alt ligg der ein tender musikalitet kopla med eit ofte overraskande tankeperspektiv til grunn for Eldrid Lundens dikt, ein skrivekunst det er all grunn til å la seg bli riven med av.

Omtaler

Det er ingen omtaler ennå.

Bli den første til å omtale «Lunden, Eldrid»

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Handlekurv
Skroll til toppen