Slepp Maren å gifte seg? Får Rasmus skilsmisse? Er familiane Beer og Muldrup like gode? Har prestekona ei ulovleg bok i vindaugskarmen? Kan kyrkjelyden bli kvitt presten? Spørsmåla var mange når kapitelretten kalla folk inn til rettsmøte i, eller i nærleiken av domkyrkja.Kapitelretten var ein spesialdomstol i det dansk-norske rettsapparatet i tidleg nytid. Saksgrunnlaget var først og fremst ekteskapssaker og interne kyrkjelege konfliktar. Fleirtalet av dommarane var prestar knytt til domkyrkja i stiftet.Ekteskapstrøbbel, familiefeidar og omdiskuterte sjelesørgjarar prega rettsmøta. Referata gir unike innblikk i vanlege folk sitt liv. Dei viser menneskeleg samkvem og kvardagsliv, men også korleis retten endra seg over tid. Boka baserer seg på referat frå domkapitelretten i Stavanger stift (frå 1682 kalla Kristiansand stift) i perioden 1600 til 1750.Margit Løyland er historikar og arbeider i Arkivverket. Ho er ein erfaren formidlar og har gitt ut fleire vitskaplege og populærvitskaplege bøker og artiklar, mellom anna Hollendertida i Norge 1550–1750 og Aschehougs illustrerte norgeshistorie, saman med Unni Løkkebø.
Drama for domkapitlet
Opprinnelig pris var: 449,00 kr.314,30 krNåværende pris er: 314,30 kr.
📍 -- personer har nylig sett dette produktet
🚚 Estimert levering: nov 17 - nov 22
📦 Fraktpolicy: Gratis frakt ved kjøp over 290 kr
🛡️ 30 dagers retur: Gratis retur, ingen returgebyr
✉️ Kundeservice: Døgnåpen support 24/7
🔒 Sikker utsjekk






Omtaler
Det er ingen omtaler ennå.