Tilbud!

Engasjement og arrangement

389,00 kr 272,30 kr

Produktnummer: 9788245032802 Kategori:

📍 -- personer har nylig sett dette produktet

🚚 Estimert levering: nov 17 - nov 22

📦 Fraktpolicy: Gratis frakt ved kjøp over 290 kr

🛡️ 30 dagers retur: Gratis retur, ingen returgebyr

✉️ Kundeservice: Døgnåpen support 24/7

🔒 Sikker utsjekk

Sikker utsjekk

I møtet mellom musikk og publikum har konsertarrangøren ein viktig funksjon. Kvar dag sørgjer offentlege, private og frivillige arrangørar for at scener, utestader og kulturhus blir fylte med innhald. Denne boka er resultatet av eit forskingsprosjekt sett i gong av Kulturrådet, som skulle skaffe meir kunnskap om heilårsarrangørar og konsertverksemd i Noreg. Boka byggjer på intervju med arrangørar, surveyundersøkingar og økonomiske oversikter frå ei rekkje konsertar. Ho gjer greie for kven arrangørane er, historiene deira, dei kunstnariske ambisjonane og dei økonomiske vilkåra dei opererer under. Boka ser på omfanget av konsertar i Noreg, og undersøkjer publikum og dei ulike aktørane i konsertbransjen. Avslutningsvis peiker forfattarane på viktige utviklingstrekk på området og på endringar ein kan vente i åra som kjem. Bård Kleppe har ein doktorgrad i kulturstudiar frå Universitetet i Søraust-Noreg i internasjonal kulturpolitikk. Han jobbar i dag som seniorforskar ved Telemarksforsking der han sidan 2008 har gjennomført og leda ei rekkje forskingsprosjekt om kulturpolitikk, kunstnarens arbeidsvilkår, scenekunst, musikk og kunstformidling for barn og unge. Kleppe har også tidlegare arbeidserfaring som konsertarrangør. Ola K. Berge har ein doktorgrad i kulturstudiar frå Universitetet i Søraust-Noreg. Berge er seniorforskar innan kulturpolitikk med særleg interesse for kultursosiologi og internasjonal kulturpolitikk. Berge har omfattande erfaring frå ei rad ulike forskings- og utviklingsprosjekt på kulturfeltet, t.d. musikk, scenekunst, visuell kunst og film. Han har dessutan særleg interesse for og kompetanse innan folkekultur. Sigbjørn Hjelmbrekke er utdanna samfunnsøkonom frå Universitetet i Oslo og er stipendiat i kulturøkonomi ved Universitetet i Søraust-Noreg. Temaet for avhandlinga er økonomi og endringsprosessar i musikkbransjen. Hjelmbrekke har erfaring frå diverse oppdragsforsking på kulturfeltet og kommunesektoren frå Telemarksforsking i perioden 2009 2012.

Title

Default

Omtaler

Det er ingen omtaler ennå.

Bli den første til å omtale «Engasjement og arrangement»

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Handlekurv
Skroll til toppen