Tilbud!

Januarbarna

Opprinnelig pris var: 350,00 kr.Nåværende pris er: 245,00 kr.

Produktnummer: 9788269360325 Kategori:

📍 -- personer har nylig sett dette produktet

🚚 Estimert levering: nov 19 - nov 24

📦 Fraktpolicy: Gratis frakt ved kjøp over 290 kr

🛡️ 30 dagers retur: Gratis retur, ingen returgebyr

✉️ Kundeservice: Døgnåpen support 24/7

🔒 Sikker utsjekk

Sikker utsjekk

The January Children (2017) er debutboka til den sudansk-amerikanske poeten Safia Elhillo (f. 1990) og den første av bøkene hennar som kjem ut på norsk. Verket rommar dikt som tidvis er strålande, klare og sterke, og tidvis såre, vare og søkande. Med humor og fleirspråklege ess i ermet utforskar det lyriske eg-et bindingane til slekt og fødelandet Sudan, kva det vil seie å ha fleire heimstader, og korleis andre sitt blikk kan påverke eg-et si sjølvforståing og kjensle av tilhøyrsle. Januarbarna er gjendikta av poetane Asha Abdullahi (f. 1998) og Ida Hove Solberg (f. 1987).

Safia Elhillo har skrive eit eige forord til den norske gjendiktinga. Her set ho boka i eit nytt perspektiv:

Når eg skriv dette, har det gått over to år sidan det braut ut krig i Sudan. Og noko av det første som vart øydelagt i krigen, var flyplassen i Khartoum. … Det kjennest som ei merkeleg tid for å innvie ei ny gjendikting av dette verket, som handla så mykje om håpet eg hadde om å høyre til, om å bli vald, om å bli namngitt. I dag kjennest den slags håp naivt. Alt verkar å rakne raskare enn nokon gong i Sudan, i Palestina, i USA der eg bur no. … Sjølv om eg no kanskje svarer litt annleis på spørsmålet «asmar ya asmarani, meen asak alayya / åh asmarani, kven gjorde deg så slem mot meg?», håper eg desse dikta vil finne ein veg inn til deg slik Abdelhalim Hafez sine songar fann ein veg inn til meg. Og kanskje plantar dei der eit nytt og meir varsamt håp.

Januarbarna inngår i Lo forlag sitt redaksjonelle prosjekt «Krysspoesi». Utgivingane i denne gjendiktingsserien undersøker eller demonstrerer kryssingspunktas poetiske potensial. Første bok ut var Hva sier jeg er fremmed. Sanger av Fakir Lalan Sain, gjendikta frå bengali av Wera Sæther (2024).

Omtaler

Det er ingen omtaler ennå.

Bli den første til å omtale «Januarbarna»

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Handlekurv
Skroll til toppen