Voss gymnas opna i august 1916, som det første landsgymnaset i Noreg. Ved hundreårsjubileet er det freistande å spørja: Når var gullalderen? Og kva er eigentleg suksesskriteria? Rektor Blix sa i opningstalen sin: «Det er ikkje fagkunnskapar, serkunnskapar, men ålmenn daning gymnaset skal gjeva.» Har skulen halde seg til dette oppdraget? Boka Oppdrag danning gjev eit nært bilete av livet på Skulehaugen. Me møter elevar og lærarar, deira gleder og frustrasjonar. «- Kor mange poeng reknar du med å tapa til artium på grunn av alt arbeidet du må gjera som russeformann? – Etter ei førebels gransking ser det ut til at eg misser om lag alt eg har, utanom kleda på kroppen.» 1958-russeformann Kjell Snerte Knut Markhus (f. 1969) er utdanna cand.philol. med hovudfag i historie frå Universitetet i Bergen. Han har arbeidd som journalist og faglitterær forfattar, og har vore leiar for ei rekkje kulturinstitusjonar.
Oppdrag danning
619,00 kr 433,30 kr
📍 -- personer har nylig sett dette produktet
🚚 Estimert levering: nov 18 - nov 23
📦 Fraktpolicy: Gratis frakt ved kjøp over 290 kr
🛡️ 30 dagers retur: Gratis retur, ingen returgebyr
✉️ Kundeservice: Døgnåpen support 24/7
🔒 Sikker utsjekk






Omtaler
Det er ingen omtaler ennå.